torsdag 30. oktober 2008

Film - Despoten reflekterer

Før vi byrjar, bør ein merke seg at Despoten kanskje aldri vil utgi eit innlegg av seriøsitet, og det bør heller ikkje forventast. Desse filminnleggja er lite meir enn ein Despot som luftar meiningene sine, og ser de etter høgtidelege anmeldinger, bør de rette auga mot Fivelstad sine filmbarometer.

Når det er sagt, vil Despoten gjerne nemne si forundring over filmen «Hot Fuzz». Her kjem forresten nokre vage avsløringer, så om du på liv og død ikkje vil vite noko om handlinga i nemnte film, er det klokt å hoppe glatt over neste avsnitt.

Filmen byrjar ganske generisk, med ein politimann som vert overført frå dei tøffe gatene i London til ei døsig mønsterbygd à la den i Postmann Pat. Forskjellen frå Greendale er at det heile tida døyr bygdefolk i «ulukker» og openbare mord. Dette innbyr til spesielt éi grotesk scene, som omhandlar ei laus pentaeder steinblokk på eit kyrkjetak og ein intetanande journalist. Ei svært uventa vending og bisarr slutt ispedd ei blanding av deadpan-humor og parodiske replikkar gjer dette til ein sær og ubestemmeleg film, men på ein god måte.

Ein ting Despoten har lagt merke til, og som til ei viss grad irriterer han, er at hovudpersonane i filmar som skildrar kampar i middelalder eller oldtid, sjeldan har hjelm på hovudet. Av erfaring veit Despoten at det berre er kong Leonidas, Éomer og Gimli av hovudpersonane frå filmane «300», «King Arthur», «Braveheart», og dei tre «Lord of the Rings»-filmane som ikkje er for kule til regelmessig å bruke hjelm i kamp. Ein augeblink av manglande konsentrasjon kan altså føre til ein brå død for alle dei andre filmheltane. Ta vare på helsa dykkar, karar!

Utan meir å seie, trekkjer Despoten seg attende for å gjere noko fornuftig, som til dømes å øve på morgondagens matteprøve.

1 kommentarer:

Anonym sa...

Som e nemnte over telefon i går so e svaret på hjelmspørsmålet rimeli enkelt: hjelm e ikkje sexy. Og sjøl om an kanskje ikkje sku tru d, so tenkte dei på slikt i gamle dage me (jfr. Karl Pilkington si avhandling om "sexy metal pants" so vart brukt av the knights of the round table). E kan også nemne at Éowyn me ha på se hjelm. Men d va kanskje mest for overraskingseffekta.

- Filologen