måndag 13. oktober 2008

Jakten på brød?

Det mest dramatiske blogginnlegget så langt står for tur. Innlegg som til no berre har nådd dramatiske høgdepunkt i refleksjon over Newcastle United, skal no bli erstatta med eit slag under beltestaden i bloggsamanheng. Tittelen "Jakten på brød" viser til ei jakt, eit higen etter brød. Brød tyder i denne samanhengen det bakverket som folk jafsar i seg attåt pålegg, og kan på ingen måte tolkast på nokon annan måte. Eit kjapt google-søk på "jakten på brød" gir meg èi einaste lenkje. Den viser til eit innlegg på ein blogg. Innlegget er titulert "Not a moment to be lost", og inneheld følgjande strofe; "(..) å se alle bilene presse seg gjennom Sons trange gater i jakten på brød og melk hos Ola".. Eg er på ingen måte verken i Son eller hjå Ola, eg er derimot i ei uidentifisert bygd på Sunnmøre. I same rom som ein iskald despot..

Mannen er ein despot av fleire grunnar, men mest nyleg fordi han nektar å gi meg brød. Grunnen til at ein ressurssterk person som meg har kome i denne knipa, har fleire sider. Den har ingenting med finanskrisa eller landskampen i overmorgon å gjere, men krinsar innom det aller meste anna. I dag tidleg spurte min far om eg hadde lyst å ha med meg eit heimelaga grovbrød til hybelen, med andre ord kunne problemet vore løyst for lenge sidan. Luna blenkja frå firmamentet og kviskra lett, "Du må vere sjølvstendig, du må sørgje for å skaffe deg brødmat sjølv. La dine gamle foreldre sleppe å forsørgje deg". Trøytt, og difor lett påverkeleg, bestemte eg meg for å takke høfleg nei og vandre sorglaust nedover mot bussen.

Etter skulen gjekk eg opp på hybelen, der eg tulla og sovna. Så vakna eg, såg Family Guy og sovna atter ein gong. Så såg eg eit halvt sekund på Dharma & Greg før eg reiv av meg kleda og hulka i krampegråt over at dette skvipet har fått sendeflate på ein norsk TV-kanal igjen. Så sovna eg med tungt hjarte før eg vakna opp igjen rundt 19.30. Eg gjekk bort på den lokale Spar-butikken, raska med meg salami og mjølk før eg vandra mot brødavdelinga. Synet som møtte meg var nitrist; ein inntørka loff og eit grovbrød herda gjennom to verdskrigar. Eg gnei meg i auga; var det verkeleg sant? Hadde finanskrisa likevel spelt inn? Var det likevel landskampen om to dagar som gjorde at folk ville sikre seg alt godt brød som var å oppdrive?

Eg vart perpleks i to sekund, før eg kom til å tenkje på ein gammal frende, i dette innlegget utelukkande omtalt som despoten. Despoten bur heime hjå familien og har ein abnorm tilgang på heimelaga, ferskt og godt brød. Eg kom opp, rølte om laust og fast, førte over eit par sesongar med Family Guy til min PC og gløymte eigentleg kva eg var komen for å gjere. Brødet lurte seg vekk frå undermedvitet og gjøymde seg under den, når sant skal seiast, deilige sofaen til fam. despot.

- Klokka 23.30 såg eg det imaginære brødet under sofaen. Eg lokka mine varmaste ord mot despoten, men reaksjonen var iskald og avvisande. Nei, her skulle ikkje brød delast ut i aust og vest. Etter å ha kartlagt dei to øvrige himmelretningane, måtte eg slukøra innsjå at eg sat i ei lei knipe. Framleis pågår forhandlingane, og berre den hedenske Loke langt inni Valhall kan vite om dette vil ende godt. Despoten smilar sardonisk i stolen, eg skjelv langt ned i knehasane..

Akk for ein lagnad, akk for ein lagnad.

5 kommentarer:

ukas-idiot sa...

ROY KEANE FTW!

Fivelstad sa...

Du må ikkje banne i denne svart-kvite kyrkja. At du tek denne djevelen sitt namn i din munn, gjer meg opprørt og tulen.

Ha ein fin dag.

Anonym sa...

Hei .. Synast Roy Keane er ein flink trenar .. kva syns du om Didier Drogba?

Ha ein fin dag

Fivelstad sa...

Drogba er definitivt ein av dei betre angriparane i verda. Han er råsterk, råkjapp og har generelt gode basisferdigheiter.

Det at han filmar, dagdrøymer og generelt oppfører seg som ein fordømt tulling på banen, kan dog ikkje tilgivast.

Nils Petter Fråkveisternenen sa...

jaja .. støtter kåsa i vertfall! For en side!