I går, etter den elendige kampen mot Sunderland, fekk eg ein spesiell visitt. Muttra ropte ned og sa at det var nokon som ville snakke med meg. Eg skreik resignert; "Send han inn", og så skjedde. Inn på stova spankulerte eit lettbeint vesen som eg aldri hadde sett før. Han lyfta på den eldgamle stråhatten og presenterte seg som Nedrykkspøkjelset. "Kva vil du?" brølte eg, tydeleg prega av den makabre gravferdskampen som eg nett hadde lidd meg gjennom.
Han ville snakke. Han ville informere om noko eg strengt talt allereie visste, men eg var for indignert og slagen til å orke å sparke han ut. Så eg lot mannen snakke. Dette er eit kort utdrag av det han sa:
I djup medkjensle med deg og dine felles Newcastle-frendar, tenkte eg det på tide å avlegge ein visitt. Dagens kamp var berre eit av mange ballespark som Newcastle United har måtte ha takla, etter at Mike Ashley uforståeleg nok lot seg manipulere av den vesle jævelen ved namn Dennis Wise. Å svikte Kevin Keegan, ein av svært få som faktisk veit kva klubben betyr for byen og fansen, og la London-mafiaen til Wise ta kontroll over klubben; vel, større feil ser ein sjeldan begått. Sjølv ikkje i Newcastle.
No har Joe Kinnear kome inn, og han har gjort ein god jobb med å få opp moralen. Men faktum er likevel at tankane og strategiane hans tilhøyrer ei heilt annan fotballtid, dei er rett og slett utdaterte. Og han er utvilsamt ikkje mannen til å vidareføre det som Keegan byrja å byggje på. Dei lange ballane opp mot Ameobi og ingen involvering av sidebackane offensivt, vel det minner mykje om det vi såg under Sam Allardyce. Og han vart som kjend pipen ut av Toon Army då resultata gjekk i mot. JK vil neppe få ei blidare skjebne enn Big Sam, om Newcastle blir verande under streken.
Ettersom finanskrisa lammar dei som eig klubbane, kan det bli vanskeleg for Ashley å få selt klubben spesielt tidleg og då vil JK sitje lenger enn fyrst planlagd. Allereie har han fått kontrakta si utvida med ein månad, eg trur nedrykk lett kan bli eit faktum om ikkje ein ny trenar og eigar er på plass innan Januar. Sjølv om spelarmaterialet forsåvidt er godt på Tyneside, er stallen tynn og ein treng nye impulsar når transfervinduet opnar igjen. Er Kinnear den som skal handle inn i Januar, er det ikkje godt å seie kva som blir handla inn. Og kva skjer heilt fremst? Kjem Kinnear til å vrake Ameobi, som trass to gode kampar på rappen er fleire sjømil svakare enn Owen/Martins, når Owen er tilbake? Kan ein rekne med at Kinnear tørr å spele med to små og kjappe spissar, når han trufast sver til taktikken med lange pasningar mot eit høgt fyrtårn? Neppe..
Og kven skal tette igjen bakover? Skal Newcastle United ut av nedrykkstrida må dei slutte å sleppe inn to mål i snitt kvar kamp. Coloccini har stort sett vore god, Taylor har vore grei. Men ingen av dei verkar spesielt trygge på kvarandre, og begge har ein tendens til å glippe eit par gongar som blir utslagsgjevande i kamp. Bassong var ikkje anna enn katastrofal mot Sunderland, men så lenge N'Zogbia verkar til å vere upopulær hjå Kinnear og Jose Enrique har fysikk som ein kjeks, så får han vel halde fram. Og då ser det mørkt ut.
Kampen mot WBA, på tysdag, blir utruleg viktig. Taper Newcastle den, medan Redknapp mest sannsynleg får Tottenham kjapt ut av nedrykkstriden, så kan det sjå svart ut framover. Rett nok er ein tidleg i sesongen, men det er snart like mange ting som talar imot Newcastle som t.d. Stoke, Fulham og Bolton der nede. Eg er lei for det, min gode mann, men denne sesongen blir nok spennande for deg av feil grunnar. Akkurat om i fjor, men kven skal redde klubben i år? Er det truleg at Keegan kjem tilbake igjen? Nei, det hadde vore litt for utruleg. Er det tid for Shearer, mon tro?
-
Så sprang han ut av stova og huset. Han hadde visstnok same ærend hjå ein Stoke-supportar i Vesterålen. Møtet var sjelsetjande, og når sant skal seiast; eg veit ikkje om eg gruer eller gleder meg til kamp på tysdag.
PS: Møtet med Nedrykkspøkjelset bidrog i alle fall til ein positiv ting; for ei lita stund var den gløymt, den mildt sagt absurde draumen som eg drøymde natt til laurdag. I draumen så spelte eg biljard. Kanskje ikkje så veldig sjukt i seg sjølv. Problemet var berre det at eg duellerte mot Josef Fritzl, noko som sjølvsagt var på grensen til det vanvittige. Eg har aldri tenkt spesielt mykje på dette ufyselege krapylet før, men no spelte eg altså biljard mot han. Ein kan lure på korleis dette austerriske helvetet kom seg ut av fengselet, og kvifor han i alle dagar nytta tida ute til å spele biljard mot HJ Fivelstad, men slik var det altså. Og sjølv om mine biljardferdigheiter er temmelig mediokre, så viste det seg også at Hr. Fritzl hadde vore oppteken med andre ting dei siste 24 åra. Eg gruste han i sett på sett, noko som gjorde han ustabil og galen (igjen). Mitt hovmodige smil provoserte udyret til gagns, og fantasifullt nok trua han med å låse meg inne i kjellaren sin. Det var då eg lærte av det Elizabeth Fritzl dessverre ikkje makta å gjere, eg slo nemleg Josef med biljardkøa til han låg der steindaud i ein blodpøl. Det siste eg hugsa, før eg vakna, var at eg vart utnemnt til æresborgar av Amstetten. Tenk slikt, du.
søndag 26. oktober 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar