måndag 3. november 2008

Hyllest i bolk

Det er no på tide med nokre hyllestar, som tidlegare antyda. Som konsekvens av mi manglande evne til å skrive omstendeleg om eitt særskilt emne, kjem kvart innlegg med eit tema som vert utforska i fleire retninger. Ikkje uventa vil det seie at også hyllestane i framtida kjem i fleirpakninger, og ikkje som éin kilo solid masse.

Fyrste hyllest er til daglegvarebutikkar landet over, men aller mest til min eigen lokale Spar-butikk. Dette er same butikk der Fivelstad berre fann ein inntørka loff og eit herda grovbrød, men det eg vil applaudere, er kjøtdeigseksjonen. Seinast for nokre dagar sidan fann eg meg sjølv i nemnte butikk, ikkje på jakt etter kjøtdeig, men for å pante flaskene som over månadar har hopa seg opp ved straum-uttaka på guterommet, og som måtte bort før eg kunne ha håp om atter å lade mobiltelefonen. Men bort frå digresjonane.

Som sagt var eg ikkje der for å kjøpe kjøtdeig, men slengde likevel eit blikk bort i kjøledisken. Og kva er det eg ser? Jau, der eg, på ein helgekveld, hadde venta å finne restane etter ein for lengst tapt sivilisasjon av kjøtdeigpakkar, vitnar eg stabel på stabel med Ole Ringdal-kjøtdeig. Eit slikt syn, og på dette tidspunktet, kan her i bygda samanliknast med å finne ametyst i sandkassa, eller i det minste malakitt på akkurat den staden der oreganoen veks så bra. Det er på basis av dette, og det faktum at butikken min berre har skuffa meg ein einaste gong eg kan hugse når det gjeld IFA, eg tildeler den her namnlause sjefen på Spar same mengd menneskepoeng som E fekk frådrege på den fatale fredagen vi alle hugsar i gru.

Neste hyllest går til den ukjende slitaren som har jobba så hardt for at min generasjon klarte seg gjennom barndomen med i alle fall eit minimum av kulturell kunnskap. Eg snakkar om Finn Frivoll, som har omsett ein vesentleg del av MacGyver-episodane som har gått på norsk fjernsyn. Som sjølvproklamert MacGyver-entusiast, vil eg forresten leggje til ro myten om at det ikkje er Dana Elcar som spela Peter Thornton. Dana er rettnok eit jentenamn, men tydelegvis også eit gutenamn, noko som har skapt forvirring, ettersom det ikkje er éin kvinneleg karakter som er med i tilstrekkeleg med episodar til å verte nemnt på introduksjonen. Der har du det, altså.

Den tredje hyllesten eg vil utbasunere er til den fiktive doktor Gregory House frå dramaserien House M.D. «Han lyver, tar smertestillende, og er utrolig sarkastisk» kjem det opp når eg trykkjer på den vesle i-knappen i søraustlege hjørne på Canal Digital-kontrollaren. I tillegg til ekstrem kynisme og kjenslekald oppførsel, gjer dette House til eit ypparleg menneske, i tillegg til eit idol som alle framtidige despotar kan lære av å emulere.
Det er forresten verdt å merke seg at denne personen vart nummer éin på mi liste over bra menneske, som enno er begravd i den texanske ørkenen.

Her endar hyllestane, som for praktiske årsaker kjem i porsjonspakninger. Hald augene skrelt for neste innlegg, som etter alt sannsyn vil ha merkelappen «irritasjonsmoment».

2 kommentarer:

Anonym sa...

E ser du kan le av d no, men e huska nok den IFA-lause perioden tiligare i haust. E tru den gjekk hardare inn på de enn du tør å innrømme.

- Filologen

Despoten sa...

I mitt forsvar har eg ikkje ledd av det, berre nemnt det. Vi snakkar nok om same episode, og han var heller ikkje heilt IFA-laus, i og med at Rema faktisk hadde att. Eg har då anna å gjere enn å ete IFA, til dømes å klage over mangel på det.