fredag 7. november 2008

Mykje om alt

I dette innleggjet kjem det, som overskrifta seier, mykje om alt. Det vert eit par annonseringer, noko heilt irrelevant, og offentleggjeringa av dei mykje etterlengta listene over bra menneske. Fivelstad har påpeika kor ironisk det var at akkurat dette innleggjet kom ut seinare enn vanleg, når eg skreiv det motsette i førre innlegg, men eg tek avstand frå denne utsegna i og med at eg misliker ordet «ironisk». Berre det faktum at det er meg, ikkje bloggen sin eigar, Fivelstad, som gir ut dette etterlengta innleggjet, vonar eg beviser min status som akseptert bidragsytar.

Eg vil gjerne byrje med det komplett irrelevante, nemleg noko som sto i utgåve 4/1994 av det norske Fantomet-bladet. Eg siterar:

En annen amerikansk politimann, fra Michigan, ble suspendert fra jobben sin i november 1992 og sendt til psykiatrisk behandling fordi han skrev tallet 7 på «europeisk» måte, nemlig med en vannrett strek på tvers. Han var tidligere blitt advart mot denne uvanen, som visstnok skapte store problemer for han som skrev ned rapportene på skrivemaskin. Da politikonstabelen, tross dette, glemte seg og skrev tre rapporter der tallet 7 med strek over opptrådte, ble han altså suspendert for tre dager uten lønn.


Her finn vi enda eit bevis på amerikansk galskap. Eg har eigentleg ikkje anna å seie, men dersom du trur at dette er sant, noko eg gjer, er det einaste som attstår å vri seg i motløyse over kloten si framtid når slike ting kan skje.

Som iherdig mikrobølgjeovnbrukar, vil eg gjerne utstade ei åtvaring for andre likesinna. Når ein bruker mykje meir tid enn nødvendig for å varme ein kopp vatn, er det ein liten, men eksisterande fare for at kokande vatn sprutar opp i lufta når ein tilføyer andre substansar. Det skjer når vatnet i koppen ikkje har såkalla «nucleation sites» der bobler vert danna, men held seg i overoppheita væskeform. Risikoen for at dette skjer, kan reduserast ved ikkje å bruke for lang tid i mikroen, eller ved å leggje ein ikkje-metallisk gjenstand i koppen før du varmar vatnet. Alt dette gir kanskje ikkje meining for nokre, men ver sikker på at det var betydningsfullt for meg sjølv.

Når det gjeld listene, vil dei som sagt no verte offentleggjorte. Eg har lagt merke til at vi totalt har sju teikna personar på listene, og at eg berre har ynkelege to verkelege personar. Dessutan har eg lagt til kva film, serie eller spel personen er frå, eller kva yrke han har, i parantes. Meir er det ikkje å seie, så ta ein kik:

Despoten:
1.Dr. Gregory House (House, M.D.)

2.Sylar/Gabriel Gray (Heroes)
3.Liquid Snake (Metal Gear Solid)
4.Jigsaw/John Kramer (Saw)
5.Ike Broflovski (South Park)
6.Yuri (Red Alert)
7.Sigurd Hansen (Deadliest Catch)
8.Paul Phoenix (Tekken)
9.Guan Yu (Dynasty Warriors)
10.Eric Djemba-Djemba (fotballspelar)

Fivelstad:
1.Alan Shearer (fotballspelar)

2.Ian Curtis (musikar)
3.Stewie Griffin (Family Guy)
4.Kevin Keegan (fotballspelar og manager)
5.André Bjerke (forfattar)
6.Captain Caveman (Captain Caveman and the Teen Angels)
7.Agnar Mykle (forfattar)
8.Dave Mustaine (musikar)
9.Fred Flintstone (The Flintstones)
10.Glenn Quagmire (Family Guy)

E:
1.Chuck Norris (skodespelar, yrkestøffing)

2.Hiro Nakamura (Heroes)
3.Albert Einstein (fysikar)
4.Brian Griffin (Family Guy)
5.Perry Cox (Scrubs)
6.Eddy Gordo (Tekken)
7.Harald Eia (humorist)
8.Christian Bale (skodespelar)
9.John Dorian (Scrubs)
10.Sir Isaac Newton (vitskapsmann)

Etter eit høgst meiningslaust innlegg, trekker Despoten seg attende inn i hiet for å finne fleire mjølkerestar å tørke opp. Pass dykk for neste innlegg, som vil slå ned på dykk raskare enn ti tusen hestar.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ikkje for å kritisere also, men e syns d e litt urovekkande at dokke he sopass monge fiktive folk her... Og dessuten at ikkje et einaste kvinnelig individ he blitt funne verdig disse listene. E e, however, gla for å sjå at d fleire enn me sjøl so sett pris på Christian Bale.

- Filologen

Ps: so vidt e kan sjå so he Despoten to ekte menneske på lista si.

Despoten sa...

Oj, grov feil av Despoten. Det skal ordnast umiddelbart. Guan Yu var faktisk også ein reell person, men mi oppfatning av han er prega av spelet eg har sett han i, og på grunn av manglande kunnskap om eigenskapane hans frå då han gjekk på landjorda, reknar eg også han som fiktiv.

Når det gjeld mengda av imaginære folk, vitnar det berre om verda sin mangel på bra folk, om ikkje desse folka si manglande evne til å promotere seg sjølve, eventuelt berre denne trioen sin skepsis mot kjende menneske.

Om mangelen på kvinner kan eg berre seie at det tydelegvis ikkje var nokon som oppfylde krava.

Anonym sa...

E meina no dokke e en smule sneversynte. Og folk treng no vel ikkje ver berømt for å ver bra heller. Ha e sku laga ei sann liste ha e f.eks. kunna putta inn min masteroppgåveveiledar. Ho e både bra, ikkje-fiktiv, uberømt og kvinne. D e'kje verst berre d.

- Filologen