Velkomen til nok eit svært esoterisk innlegg om omsetjing og generell lingvistikk. I dag får vi sjå ein sjeldan god kommentar om undertekstar, vi skal ta opp åregamle diskusjonar, og kome med gyldige innspel på litt av kvart.
Før nokon klagar på storleiken på dette innleggjet, vil eg pre-emptivt kontre med at det er eg som skriv, og at de ikkje på nokon måte er forplikta til å lese gjennom noko av det. Uansett passar storleiken bra, sidan det er ei veke sidan sist.
Før vi byrjar skikkeleg vil eg seie at mine tidlegare innlegg har vore nokon oasar av komma og hermeteikn, og at eg skal prøve å kutte ned på akkurat dette.
Det har forresten i det siste slått meg at begge gongane eg har skrive noko om tidspunktet neste innlegg vil verte publisert, hadde dei begge kome i seinaste laget.
Medan dei fleste ville tolka «fortare enn ti tusen hestar» som rimeleg fort, ville det i praksis betydd «ikkje like raskt som berre éin hest,» sidan forflytting av store grupper individ krever ei viss organisering og imøtekoming av behova til alle i gruppa. I tillegg er flokken berre like rask som det treigaste individet, som kanskje har forstua ein bein, og må vere bore rundt på av to artsfellar. I motsetning har dei eine hesten berre seg sjølv å tenkje på, og kjem seg dermed fortare fram, om han ikkje vert eten av villdyr som vart avskrekka av tanken på å møte ti tusen av same sort. I så fall vil dei ti tusen kome fyrst fram, sett at ikkje éin einaste av dei omkom grunna ulukker, sjukdom, eller brave ville beist. Etter min tankegong ville gjennomsnittsfarta dei hadde då verte farta til 9.999 hestar, ikkje 10.000, noko eg ville sagt er eit ugyldig resultat.
Hadde den einslege hesten framleis hatt livet i behald, ville dette resultere i at han ville hatt uendeleg lang tid på seg, berre han fullførte løpet. Desse to poenga, organisasjon og sannsynet for dødsfall, gjer at eg sjølv set ein stor knapp på hesten som spring aleine.
Eg vil gjerne fortsetje med eit lenge omtala spørsmål: Ser undertekstarar berre teksten dei overset, berre dei ser og høyrer på skjermen, eller begge deler? Som med alle andre eksistensielle spørsmål, er heller ikkje dette godt å svare på. Ein kan leggje fram argument for og mot dette, men sjølv vil eg tru at i det minste personen som omsette «make up-sex» til «sminkesex,» ikkje kunne ha visst noko som helst om konteksten. Etter ein diskusjon med Filologen for eit halvt til to år sidan, kom vi til at det måtte vere ei blanding av dei tre alternativa ovanfor, og at kva omsetjaren har til å hjelpe seg med sannsynlegvis har med firmaet han arbeider for å gjere.
Her ein dag, eller kanskje heller her ein månad, vart det i ein samtale mellom meg sjølv og Fivelstad nemnt uttrykka «skrive opp» og «skrive ned» i same setningspar. Etterpå følgde ei nærmast umerkeleg usemje om kva av dei to som burde brukast. Nærmast umerkeleg, men signifikant nok til å ha vorte teken opp i mitt eige korttidsminne. For øvrig hugsar eg ikkje kven som kjempa for kva, men poenget er å gi eit innblikk i typen ting eg kan finne på å bite meg fast i for å riste det fram og tilbake, slik ein hund ristar ei pute til det berre er att eit kvart putevar og eit lag med fjon på møblane rundt.
Eg vil no ta opp eit spørsmål eg er sikker på at samtlege på mitt eige klassetrinn anten ikkje bryr seg det grann om, eller er fullkoment lei av å diskutere. Det eg snakkar om, er spørsmålet om det er rangen som Boms, eller Viseboms som er det absolutte lågmål.
Om ein frå byrjinga av meinar at boms ligg nederst, er eigentleg heile problemstillinga ugyldig. Viseboms er dermed det nest verste, og ferdig med det.
Det vert meir interessant når ein seier at viseboms står under boms, sidan det då vil bety at stillinga som boms, det som per definisjon skal vere det ultimate nederlag, ikkje er det likevel. Tankespranget er ikkje langt til å skape ei stilling som «assisterande under-vise-varaboms,» eller liknande, og det vert på ein måte som å seie «minus uendeleg minus fire,» sett at minus uendeleg tilsvarar bomsestillinga, sidan det ikkje finst eit tal som er «mest negativt,» eller «heilt nederst,» om du vil. Dermed vil eg konkludere med at bomsen, i eitkvart system utan uendeleg entropi, må vere den lågaste stillinga. Mitt førre sjølv bøyer seg for logikken.
For å fortsetje med komplett usaklege og kanskje også uviktige emne, vil eg henvise til verda utanfor tankespinnet sitt rike. Vår eigen religionslærar kom nyleg med eit forholdsvis interessant spørsmål, nemleg om kvifor folk i nærområdet seier «internetten» og ikkje «internettet,» når det er eit inkjekjønnsord. Sjølv svarte eg at ein berre snakkar om «internetten» når det er snakk om sjølve eigenskapen til å koble seg opp mot verdsveven. Når folk seier at «internetten er dårleg,» betyr det altså at nettlesaren anten går langsamt, eller at det ikkje går framover i det heile teke. Seier ein derimot «internettet er dårleg,» har vi kanskje heller eit individ som kanskje er litt opp i åra, og som hevdar at alt var mykje betre før.
Sist søndag sat eg meg ned og såg på «Hell's Kitchen,» samt «Are You Smarter than a 5th Grader,» og vart forundra over at dei respektivt omsat «Fuck me» (oppgidd) og «Oh my god» til «Snuske meg». Sidan Noreg er eit omsetjingsmessig fritt land, klagar eg ikkje på dei norske omsetjingane, men applauderar dei for ukonvensjonell ordbruk. Ikkje at det har noko betydning, men sjansen for at begge programma vart omsett av same person er forholdsvis stor, sidan dei går på same kanal, og berre ein time frå kvarandre. Sjå ikkje bort frå at det før årskiftet kjem ein hyllest i retning Gordon Ramsay og hans helveteskjøken.
Når eg fyrst er inne på gode omsetjinger, vil eg nemne noko eg såg i førre veke, nemleg at «Steal the old man's bundle» vart omsett til «Stjele den gamles grunker». Ikkje at dette betyr noko for folk som har høyrt orden «grunkar» i nyare tid, eg ville berre påpeike noko eg tykkjer var godt skrive.
Noko som fell på steingrunn hjå Despoten, er tendensen Fivelstad har til å setje to punktum etter setninger, noko eg har konfrontert han om utan å få vidare gjennomslag. Skal eg leggje til fleire språkrelaterte irritasjonsmoment som ikkje er store nok til å få sitt eige avsnitt, er omsetjingane «aleutian grey» - «illusjonsgrå» og «seven billion tons» - «17 milliarder tonn».
Ei omsetjing som derimot fortenar ein eigen plass, kjem frå Dharma and Greg, der ein karakter meinte på at «You were a C-section, weren't you?». Til dette svarte omsetjaren stille, men deklamerande: «Du var en c-seksjon, ikke sant?». Ærleg tala burde omsetjaren vite at karakteren henviste til keisarsnitt, altså Caesarean section eller C-section på engelsk. Despoten er oppgidd over slik inkompetanse i norsk fjernsyn.
Siste sak på agendaen i dag er den grusame norsk-engelsken til Skal vi Danse-dommaren med det ekle smilet. Eg spolar tilbake tida to til fire veker, til ein fredagskveld med heimelaga pizza og TV-kontrollaren i handa til Mannen på Veggen. Eg tenkte at Skal vi Danse alt i alt ikkje var like gale som Norge Rundt, heilt til dommaren eg ikkje hugsar namnet på busa ut med den jævligaste språkinga eg har høyrt på svært lenge. Ho snakka altså om «Den muvsen der,» og brukte det engelske «moves» som om det var eit norsk hannkjønnsord i eintal. Hadde eg hatt ei topp-ti-liste over omsynslause språkinger, noko eg merkeleg nok ikkje har, måtte denne ha vore på toppen. Eg veit om fleire menneske som, pizza eller ikkje pizza, hadde fått brekninger av å høyre slikt utan spontant å undertrykkje det.
Etter å ha uttrykt nok meiningsløyse for fleire mannsaldrar, trekkjer Despoten seg attende inn i hiet for å finne ut kvifor i all verda det er lilla som er adventsfargen. Vi ein tanke til neste innlegg, som vil omhandle livet over dei siste vekene.
Last digit of pi is...
måndag 17. november 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

5 kommentarer:
Fyst: du skriv et innlegg om språking og bruka et ord som "obligert"? Sist e sjekka va'kje d et norsk ord men et engelsk et. Tsk, tsk (so dei sei i Donald).
So: sida d va heimelaga pizza me i bildet so må an rekne me at e va i huset mæ, og e huska faktisk den omtalte språk-episoden me gru. Sku'kja vør løv.
Dessuten: du skjøna at d e logisk at oversettaren trudde d va illusjon, sant? (e syns imidlertid aleutian grey e et nydeli namn på en farge og ha sikkert blitt irritert sjøl viss e såg den oversettinga)
Og: e he en teori om opp- og nedskriving so du kan få høyre neste gong e ser de. Kanskje over julemiddagen for å glede sersjanten litt ekstra.
- Filologen
Eg trudde ærleg tala heller ikkje at "preemptivt" var eit norsk ord, så eg spurde Fivelstad om det likevel var lov å bruke det i innleggjet, og fekk positiv respons. Sjølv om eg faktisk ikkje ana at "obligert" ikkje var mogleg på norsk, hadde det altså vorte akseptert av bloggen sin politikk, som tydelegvis ikkje har vore godt nok fremja. Uansett, kommentaren din er notert, og eg skal gjere dei nødvendige endringane.
Eg kan ikkje hugse å ha godkjend 'obligert', og om så skulle vere var eg i alle fall garantert i ein djup letargi når du stilte meg spørsmålet.
Eg er også av den oppfatninga at 'obligert' er eit unødvendig ord, all den tid vi har fleire norske ord som kan dekkje det du ynskjer å forklare.
Pre-emptivt har eg nok godkjend, men meir enn fornuft skuldast nok det ei forkjærleik for forstavingane pre- (og forsåvidt også post-).
Takk skal du ha: leste "illusjonsgrå" jeg også - Farlig fangst, ikke sant? - og sannelig hørte jeg derfor 'illusion grey'. Googla det siste, fikk plenty med treff, og var like klok. Eneste treff på 'illusjonsgrå' førte meg hit - og ah! Mange takk.
Det var frå reklama til Farlig Fangst, ja. På reklama sto det nemleg "illusjonsgrå," medan på episoden klippet var henta frå, sto det den rette omsetjinga "aleutiansk grå" eller noko liknande. Eg ser på dette som fellande bevis for at reklama vert omsett uavhengig av serien, noko som kanskje er meir lettvint, men som også gir dårlege resultat med tanke på at omsetjaren også vart nemnt i førre innlegg om omsetjinger og generell lingvistikk.
Legg inn en kommentar