Utan særleg tvil, kan ein seie at Island er det landet som har blitt råka hardast av den nylege finanskrisa. Landet som berre for eitt lite år sidan passerte Noreg og inntok toppen av "lista over dei beste landa å bo i", verkar per. dags dato som ein rett utriveleg plass å opphalde seg. Folket demonstrerer høglytt og taktfast mot styresmaktene, arbeidsløysa skyt i véret og desperasjonen herjar. For ei tid tilbake, månader før finanskrisa, sette eg opp ei ganske eksklusiv liste. Dette pergamentet tok føre seg dei fire destinasjonane eg helst ønskte å busetje meg i, etter at mi tid ved den vidaregåande skulen var over. Island var på den tida eitt av dei fire alternativa...
Eit anna land som også var på lista, har også hatt store problem i det siste. Desse problema har på ingen måte dukka opp som troll i eske, men derimot eskalert over tid. Landet eg snakkar om heiter Belgia og har i den seinare tida vore i rampelyset etter at kongen såg seg nødd til å fristille den sitjande regjeringa. Landet har til stadigheit vore prega av parlamentariske problem, nedtynga av dei store språklege og kulturelle skilnadane som herskar mellom den nordlege og den sydlege delen.
Bør eg flytte til to land som verkar til å sitje med tilsynelatande uløyselege problem opp til halsen? Bør eg risikere mi utdanning, mi framtid, mitt liv, i rebelske samfunn der samtlege er sinte, skuffa og indignerte? Men samtidig, er det ikkje litt spennande å kunne oppleve "kriseherja" land? Kriseherja er flankert av gåsauge, ettersom krisa ikkje på noko måte kan samanliknast med det eksempelvis Kongo opplev på same tid. Kva risikerer eg eigentleg?
Det som frista med Island, var rolige arbeidsdager knytt til primærnæringa, det vakre språket og den fantastiske evna landet hadde til å ikkje la seg påverke av globalisering (jf. kor sterk den språklege identiteten er, samanlikna med t.d. situasjonen her heime i Noreg). Det som appellerte sterkast med Belgia var Rock Werchter, ein veldig stor og populær musikkfestival, samt ein sjanse til å kanskje få jobbe i Brüssel for EU. Er illusjonane mine blitt knekte?
Eg må innrømme at eg er meir skeptisk til å flytte til dei to ovanfornemnte landa, samtidig som eg også er uroa på vegne av dei to andre landa som var på lista mi. Kva gale vil skje med New Zealand og Wales i framtida? Kan ein vente seg ein ny epidemi med munn og klovsykje, der dette sjuke jordskjelvet vil ha saudeøya som episentrum? Og kva med Wales? Vil dei få waliserane som praktiserer det underfundige walisiske språket, miste munn og mele og slik hindre meg i å lære språket som eg higer så intenst etter? Med mitt hell skulle det fanden ikkje forundre meg...
Two down, two to go.
tysdag 23. desember 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar