laurdag 24. januar 2009

2. Misosbrev


(trykk på biletet for større storleik)

Etter å ha publisert bloggprofilen om Friedrich von Misos tidlegare i dag, fann eg for litt sidan eit nytt brev i postkassa til redaksjonen. Brevet var sendt frå von Misos og bar same form som det fyrste. Den kjappe responsen frå von Misos viser oss at personen med det tyskklingjande namnet følgjer bloggen kontinuerleg. Og gjennom å følgje bloggen har von Misos fått snusen i at eg vil gjere mitt yttarste for å avdekke personen bak all denne misantropien.

I det hittil siste Misosbrevet nemner avsendaren at opphaldsstaden hans ligg gøymd i brevet. Etter litt tenketid har eg funne ut kva han sikter til. Dersom ein tek den fyrste bokstaven i det fyrste ordet i kvar linje av sjølve brevet (ekskl. overskrift, personalia, sitat og signatur), sit ein igjen med det uforståelege ordet "nilrebigemnnif" som gir fint lita meining. Dersom ein derimot snur på dette ordet får ein "finnmegiberlin", som med litt hjelp blir til setninga "Finn meg i Berlin". Og dermed har altså von Misos vore oppriktig med oss; det er i Berlin, noko som samsvarer med adressa oppgjeve i brevet, kreaturet oppheld seg.

I løpet av kort tid skal eg setje saman eit kompetent mannskap, som får i oppgåve å reise til Berlin for å finne ut meir om Friedrich von Misos. Sjølv kan eg ikkje ta meg den fridom å reise til Tyskland, ettersom temperamentet mitt (kven våger vel å bruke ord og omgrep som 'pompøst piss', 'selvsentrert svada' og 'vrøvl' i omtale av "The Rise and Fall of HJ Fivelstad"?) umiddelbart ville teke von Misos av dage. Og ein så god lagnad unner eg ikkje dette krapylet...

0 kommentarer: