Dei siste dagane har hovudet mitt lege i bløyt. Eg har konsentrert all min hjernekapasitet på å setje saman eit kompetent mannskap med komplementære ferdigheiter, som til saman skal vere godt nok til å klare målsetjinga mi; å finne ut kven Friedrich von Misos er, samt få han heim til den uidentifiserte bygda på Sunnmøre i levande live. Når det er gjort, skal eg sjølv ta meg av skabelonen...
Som operasjonsleiar for ekspedisjonen, som har fått namnet Quaestio von Misos, valde eg Heiko Luhle. Han er fødd i Frankfurt og kjenner Tyskland godt. Luhle er 45 år gammal og har lang erfaring som privatetterforskar. Han likar å spankulere rundt i ein beige frakk med ein svart fedora på hovudet. Han er smidig, smart og useriøs. Nestkommandant for mannskapet blir Kamerat L, som med sin avbalanserte stil kompenserer for den overivrige veremåten som Luhle ofte representerer. Kamerat L vil få ansvaret for kommunikasjonen mellom Berlin og oss som sit heime i den uidentifiserte bygda på Sunnmøre. Eg vil bli svært overraska om mannskapet ikkje rotar seg bort i noko form for vanskar i Berlin, og difor har eg valt å ta med Valgerd Svarstad Haugland. I tillegg til å vere ei svært vennleg og kunnskapsrik dame, er Valgerd også eit kort som eg kan spele ut dersom regjeringa i Tyskland misliker vår inntreden. Tyskland blir som kjend leia av Angela Merkel og den kristlegdemokratiske unionen, og difor er det truleg at den gamle KrF-dronninga kan vere med på å roe eventuelle gemyttar. Filologen blir siste personen som får æra av å vere ein del av mannskapet. Alle ekspedisjonar treng ein språkvitar som lyttar til Morrissey og Joni Mitchell. Quaestio von Misos er ikkje eit unntak.
Eg samla desse fire på hybelen for 31 timar sidan og gav ein del korte instruksar. Alle fire verka motiverte, svoltne og ivrige etter å få has på Friedrich von Misos. Det gjorde meg glad. Men så dukka det fyrste problemet opp. "Korleis skal vi komme oss til Berlin?", var eit spørsmål som vart slengt ut i lufta. Ekspedisjonen var ikkje finansiert, og ingen i mannskapet var viljuge til å kjøpe flybillettar for eigne pengar. Denne haldninga fall totalt på steingrunn hjå meg, eg var mildt sagt indignert over det fantasilause mannskapet eg hadde plukka ut. Kvar var kreativiten? Kvar var visjonane? Eg klarte såvidt å bite i meg eit raseriutbrot og bestemte meg for å ta ein telefon.
- Hei, er det Harald?
- Ja, sukka Kongen i andre enden av røret.
- Kunne eg lånt Spitsbergen ein liten periode?
- Spitsbergen?, sukka Kongen spørjande.
- Ja, eg treng den til ein ekspedisjon. Du skuldar meg ei teneste, må du hugse.
Det tok litt tid før Kongen svarte. Eg kunne høre at han sukka.
- Ja, greitt. Men du får leggje det på plass når du er ferdig, og det må vere i same stand som før du lånte det.
- Avtale, sa eg og la på røret.
Så reiste eg opp til Svalbard med motorbåt, festa Spitsbergen til slepekroken og reiste ned igjen til den uidentifiserte bygda på Sunnmøre. I løpet av ein time hadde eg klart å motorisere Spitsbergen, slik at den no framstod som ein moderne versjon av Noah si dyrebare øy. Fartyet som skulle bringe Heiko Luhle, Kamerat L, Valgerd Svarstad Haugland og Filologen til Berlin var klart.
Eg ønskte mannskapet lukke til, og såg Spitsbergen drive sørover mot kontinentet. Livet var ein fest, men bak ei buske sat Bestefarkatten og konspirerte...
måndag 26. januar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar