måndag 16. februar 2009

Quaestio von Misos - Dance Macabre

Det hadde gått to dagar sidan Valgerd så sporlaust forsvann. Sporlaust er vel kanskje ikkje heilt presis ordbruk, all den tid det framleis låg igjen blod under sikringsskapet. Kamerat L hadde fått oppgåva å vaske opp blodet, men hadde til no prioritert å spele meiningslause dataspel. Dei tre gjenverande medlemmene av ekspedisjonen hadde slått seg til ro med tanken på at dei kanskje måtte halde fram utan KrF-dronninga. Luhle hadde foreslått ein leiteaksjon, men i den forblåste Berlin-natta var det like vanskeleg som å finne nåla i høystakken. Til slutt hadde dei gjeve ein god faen, og denne egoistiske haldninga var, to dagar seinare, framleis framtredande i sinna til Filologen, Luhle og Kamerat L.

Medan dei venta på ein idé som kunne føre ekspedisjonen vidare, slo dei ihjel tida ved hjelp av Yatzy og Domino. Luhle hadde vunne tallause lokale Domino-meisterskap og var i realiteten uslåeleg, men han lot både Filologen og Kamerat L vinne for å ikkje gjere dei motlause. Operasjonsleiaren var verkeleg grei slik. På nokre område var han utvilsamt ein dritsekk, men når det galdt Domino tok han straks på seg englevengjene. Midt i eit av desse Domino-slaga fór det ein dolk gjennom glasruta. Dolken var målretta som ei indianarpil og festa seg til korketavla i den andre delen av rommet. Ingen av dei tre medlemmene reagerte noko vidare på hendinga. Det hadde seg nemleg slik at kaffigruten som vertsfamilien disponerte, inneheldt store kvantum med Rohypnol. Difor tok det nesten tre kvarter før Filologen stavra seg bort til dolken for å avdekke det som stod skrive på den kvite papirlappen som følgde med dolken. "Møt oss i dansehallen om to timar. Ellers vil Døden komme på svipptur innom.", siterte Filologen på si sedvanlige Uidentifisert-bygd-på-Sunnmøre-dialekt.
- Jaja, sukka Luhle. No har det snart gått ein time sidan beskjeden vart levert, vi får ha oss ut på byen og finne denne dansehallen. Kamerat L spelte ferdig eit nivå, lagra spelet og sette laptopen sin i kvilemodus. Det var tid for å vakne frå Rohypnol-rusen og gå til aksjon...


Det var kaldt ute og Luhle, kjend med det forblåste Berlin-klimaet, gav klar beskjed om at Kamerat L og Filologen måtte iklé seg dei to bjørnepelsane som hang i skapet på gangen. Sjølv var han blitt vekselvarm etter ein noko uheldig konfrontasjon for ei tid tilbake. Ein konfrontasjon som involverte ei hissig dronning frå Apis Mellifera-arten. Meir ville han ikkje seie om den saken. Dei storma ut og allereie rundt fyrste sving fekk dei auge på ei bygning som måtte vere den aktuelle dansehallen. Luhle tok forsiktig i dørhandtaket, men fekk tilgang utan vidare strev. Trekløveret spankulerte seg gjennom fleire smale korridorar, før dei til slutt kom ut i eit større rom som måtte vere ein ballsal. Her vart dei møtt av 415 druider med sverd. Dette høyrest dramatisk ut, og verre blir det når eg (Fivelstad, referande forteljar av historia) legg til at 414 (i etterkant kom det fram at den siste hadde misforstått kommandoen) av desse kom stormande i det same Luhle, Kamerat L og Filologen openberte seg. Grunnen til at eg ikkje bruker utropsteikn og andre lyriske verkemiddel for å skildre situasjonen, er at Rohypnol-tåka gjorde sitt til at situasjonen forekom udramatisk for trekløveret. I staden for å leggje på sprang langt til helvete vekk, gjekk dei tre til eit dristig motangrep.

Dansehallen var no ei slagmark, men framleis ein relativt stilfull arena. For inn mellom sverdslag og konfrontasjonar, slo aktørane til med sensuelle dansar som kunne smelta eit kvart steinhjarte. Luhle baud ei druide opp til ein smektande salsa med hissige hofterørsler, før han finta sverdet ut av handa på danspartnaren. Så takka han for dansen med å stikke sverdet gjennom halsgropa til druiden. Filologen og Kamerat L følgde same taktikk som Luhle. Fyrst manipulerte dei druider i vill dans, før dei på iskaldt vis tok livet av hopetal. Sentimentale brudevalsar vart plutseleg opptakta til storslåtte gravferder. Det var Dance Macabre på sitt aller beste. Det var Dance Macabre på sitt verste. Dance Macabre var ein morbid fest utan nachspiel. Etter ein halvtime med avrettingar stod Filologen, Luhle og Kamerat L lukkelege igjen som uskadde vinnarar. Den 415. og siste druiden stod framleis igjen borte i kroken.
- Eg har vald feil utdanning, tenkte han med seg sjølv.
Trekløveret bestemte seg for å skåne livet til den siste stakkaren. Han var sjølvsagt overlukkeleg for dette, og spurde om det var noko måte han kunne vise si takksemd på. Filologen og Luhle kom ikkje på noko teneste som druiden kunne hjelpe dei med. Kamerat L hadde derimot eit ynskje han gjerne skulle fått oppfylt. Han og druiden rusla bort til den nedstøva datamaskina som var plassert i hjørnet av dansehallen. Kamerat L viste druiden eit spel som han ikkje klarte å komme seg vidare på. Kunne druiden hjelpe Kamerat L med ein aldri så liten juksekode? Druiden var veldig glad i meiningslause spel han også, og Kamerat L vart så glad at han bestemte seg for å invitere druiden til å flytte inn på hybelen sin.
- Han som bur der frå før er aldri heime. Det blir ikkje noko problem, insisterte Kamerat L.
Druiden, desperat etter å komme seg vekk frå dei keltiske prestegjernigane i dette holet av ein hovudstad, takka ja utan å mukke.

Dei tre ekspedisjonsmedlemmene hadde fått seg ein ny ven. Men kvar vart det av dei som skulle møte Quaestio von Misos i dansehallen? Var det druidene som hadde kasta dolken inn gjennom vindaugsruta?
- Vent litt, utbraut druiden plutseleg. Eg kjem på at eg fann ein lapp på opphaldsrommet. Den var til dykk. Den skulle lesast dersom dykk overvann druidene. Og det, han såg kjapt ned på dei 414 druidelika, ja det klarte dykk relativt greitt. Luhle las høgt det som stod skrive på papirlappen.

"Gratulerer. Druidene var tydelegvis ikkje nok motstand for den brave ekspedisjonstroppen. Men ikkje ta gledene på forskot. Eg har tyngre skyts på lager. På tysdag skal de møte opp ved rådhuset i Hannover, i påvente av nye utfordringar."

Den karismatiske signaturen til Von Misos stod skriven i blod nedst på lappen...

0 kommentarer: