måndag 2. februar 2009

Quaestio von Misos møter problem

Mannskapet på MS Spitsbergen segla inn til den svære hamna i Hamburg og parkerte det gigantiske fartyet. Firkløveret hadde hatt ei upåklageleg reise, dersom ein ser vekk frå den vesle disputten som braut ut då mannskapet gjekk tom for Sudoku-oppgåver. Luhle skulda på Filologen, Filologen svarte med å skubbe til tyskaren slik at Fedora-hatten datt av. Heldigvis klarte Valgerd, den sindige fredsmeklaren, å roe ned gemyttane og hindre at det heile utarta seg. Kamerat L blanda seg ikkje inn, men stirra derimot inn i skjermen på laptopen. Ein livsviktig ekspedisjon kunne på ingen måte hindre han i å nytte tid på 123spill...

Valgerd klarte omsider også å få Kamerat L, særs motviljug, vekk frå PC'en og inn på ei lokal kneipe i Hamburg. Dei to kranglefantane følgde også med; det var tid for å planleggje vegen vidare. Kamerat L ringte heim til Fivelstad for å fortelje at dei var vel framkomne, så bestilte han seg ein rislunsj i håp om å få tankane vekk frå arcadespel utan mål og meining. Det lukkast han ikkje nemneverdig med. Luhle foreslo at dei skulle stele ein bil og køyre til Berlin, men Valgerd rista på hovudet over dette forslaget, som trassa alle hennar moralske verdiar. "Nei, det kjem ikkje på tale", repliserte ho med streng stemme i hardangersk fistel. "Eller kva seier du, Filolog?.. Filolog? FILOLOG?" Men Filologen var fleire mil vekk frå moder jord, fullstendig oppslukt av det vesle biletet ho hadde teke med seg av Kenneth Branagh. Også kjend som 'den beste mannen i verda', ifølgje akkurat denne filologen her.

Plutseleg storma bistroeigaren bort til bordet der dei sat, med eit overlukkeleg smil rundt munnen. "Eg må gratulere dykk!", sa han på gammalmodig tysk. "Med kva?", undra Heiko Luhle. "De har nettopp vunne den Audien som står parkert utanfor her", sa mannen og peika ut på den sølvgrå bilen som stod utanfor inngangen. "Korleis har vi oppnådd det?", spurde Filologen som akkurat hadde vakna frå den tunge Branagh-hypnosa. "Denne herren", sa bistroeigaren og peika på Kamerat L, "har nettopp kjøpt rislunsj nr. 1 000 000! Difor er Audien dykkar! Her er bilnøklane!". Bistroeigaren var no i overkant ekstatisk og spytta ut matrestar inn mellom dei tyske orda. Det var best å berre ta i mot nøklane, stille færrast mogleg spørsmål og skunde seg til Berlin.

Spesielt Valgerd var overlukkeleg over sjansen til å komme seg til Berlin på lovleg vis, i staden for å måtte stele bilar og påføre andre ulukke. Typisk Valgerd, alltid god som gull. Ja, så glad var Valgerd at ho utan å nøle gav Kamerat L lov til å spele 123spill i baksetet av Audien, eit forslag som sistnemnte sjølvsagt takka ja til utan å mukke. Filologen sat ved sidan av Kamerat L og lytta til dialekter frå England. Luhle styrte den tyske bilen med stødig hand, medan Valgerd las kart og kontrollerte at alt som kom utfrå cd-spelaren var uskuldsreint og trygt. I tillegg bytta ho ut Wunderbaumen med eit sølvfarga crucifixum. Seinare på kvelden var mannskapet framme i hovudstaden og søkte losji hjå ein familie som Heiko Luhle kjende.

Huset som ekspedisjonen fekk låne låg sentralt plassert, og familien som leigde ut var på ferie i Lisboa. Dermed disponerte "Quaestio von Misos" eit hus heilt for seg sjølv, noko som gav dei fritt spelerom til å planleggje korleis dei skulle angripe jakta på von Misos. Dei sette seg ned i den store daglegstova og gjorde seg klar med både ark, papir og digitalt verkty. Alt skulle planleggast ned til siste detalj, dei kunne ikkje svikte Fivelstad no. Men plutseleg gjekk straumen og alt vart tussmørkt. Valgerd gjekk ut på gangen for å sjekke sikringsskapet. Det gjekk fem minutt, det gjekk ti minutt, det gjekk eit kvarter. "Faen, kvar blir det av dama? Klarer ho ikkje å fikse ei simpel sikring ein gong?". Heiko Luhle gjekk ut for å sjekke kva som hadde skjedd, Filologen kokte eit nytt kvantum med kaffi på gassblusset, medan Kamerat L sat apatisk bak skjermen og spelte spel som framleis var blotta for meining. Plutseleg kom lyset på igjen og privatdetektiven frå Frankfurt kom omsider til syne i døropninga. Andletet hans var kvitt og furene i panna hans var tydelege. "Kva har skjedd?", spurde Filologen mellom to slurkar kaffi. "Valgerd er vekk". Stemma til Luhle var sjeldan spak..

"Eg fann dette ved sikringsskapet", sa han og haldt oppe ein totenschläger dekt av friskt hardangerblod.
Filologen fekk kaffien i vrangstrupen og hosta anstrengt.
Kamerat L såg opp frå skjermen og studerte slagvåpenet.
"Fakerten", sa han. Før han sorglaust spelte vidare igjen...

Kvar er Valgerd? Og kven står bak forsvinninga?

2 kommentarer:

Filologen sa...

1) Eg set pris på å få vere med til Berlin. Stor stas!

2) Eg ser du skal på Morrissey-konsert i sommar, og blir grøn og gul (og svakt oransje) av misunning. Eg likar deg kanskje litt mindre no.

3) Og eg trur du har rett i at dette er estetisk fjongare enn å heite "Anonym" (det er dessutan kjekt for meg å sjå namnet mitt øvst og i større bokstavar). Skål for det.

Fivelstad sa...

Det er flott at du framleis heng med, les og kommenterer. Lenge sidan eg har sett ein Filolog-kommentar no, så det er flott at du avslutta din hiatus og no i tillegg har det estetisk flotte "Filologen" som identitet når du kommenterer.

Lukke til vidare på ekspedisjonen forøvrig. Og apropos Morrissey, så håper eg at eg slepp å nynne på "First of the Gang to Die" i denne samanheng..