onsdag 27. januar 2010

Vampyrane har meg snart i kne

I løpet av dei siste par vekene har underteikna lagt merke til at rikskringkastinga viser ein serie som heiter "Being Human". Personleg har eg framleis ikkje fått meg til å sjå eit sekund av denne serien. Det er høgst tvilsamt at serien kjem til å appellere til meg, spesielt ettersom det her dreiar seg om, og eg saksar frå Wikipedia, "(...) Three apparent twenty-something characters sharing a house in Bristol, trying to live a normal social life, despite being a vampire, a werewolf and a ghost respectively". Slike seriar går det for tida tretten av på dusinet. "Dracula" av Bram Stoker dekka mitt umiddelbare behov for vampyrunderhaldning, og eg kan difor fokusere på andre ting enn "Being Human", "Twilight" etc. Og dersom lysta etter å sjå unge folk på eventyr blir uuthaldbar, prioriterer eg framleis Scooby og kompaniet hans.

Men NRK har marknadsført "Being Human" usedvanleg bra. Det skal dei ha all mogleg ros for. Faktisk så bra at eg nesten blir freista til å følgje med på serien. I ulike reklamer for "Being Human" har NRK lagt til nokre lydklipp frå ekstremt gode låtar. Først ut var "Electric Alice", ført i penn av Nick Cave (som nyt stor popularitet her på "TRAFOHJF") for sideprosjketet Grinderman. Dystert, sobert og vakkert. Seinare køyrde NRK på med "Play With Fire", ei gammal Rolling Stones-låt frå midten av sekstitalet som eg nesten hadde gløymt av. Ei marginalt lystigare låt enn "Electric Alice", men likefullt med undertonar som passar til den serien som dei prøvar å få meg til å sjå på.

Nådestøytet kom likevel i går, då eg plutseleg fekk høyre røysta til Roky Erickson dure over TV-skjermen. Til liks med Stones-låta, er det relativt lenge sidan eg har lytta regelmessig på Erickson. Faktisk heilt tilbake til tida rett før eg såg han på Øyafestivalen i 2007. Erickson er ei gammal legende, og inn blant veldig absurde greier har han også produsert ein del lyd som er eviggrøn. Den aktuelle låta heiter "Night of the Vampire", og er verkeleg fantastisk i akustisk framtoning. Livet er ein fest.

1 kommentarer:

Despoten sa...

Det slo meg nettopp at House-episoden av Family Guy du anbefalte også hadde framtredne Scooby Doo-trekk. Apropos det same såg eg nyleg ein episode av Numbers der den siste replikken var "And i would have gotten away with it too, if it weren't for you meddling kids," som eg har vorte leidd til å tru er ein standardfrase i kultserien.