tysdag 2. februar 2010

Quaestio von Misos i Hannover

Etter lang ventetid har dei seinaste rapportane frå "Quaestio von Misos" tikka inn. Her kjem altså neste del i sagaen. Men fyrst tek vi oss tid til eit resymé, til oppfrisking for våre seks-sju faste lesarar.

1. Misosbrev: Eit brev blir funne i postkassa vår. Det inneheld generell misantropi, angiveleg ført i pennen av ein karakter ved namn Friedrich von Misos.
2. Misosbrev: Meir misantropi signert same person, men denne gong innhaldt brevet sterke personangrep mot bloggen. Eg vel å ta aksjon.
Quaestio von Misos - Mannskapet er klart: Filologen, Heiko Luhle, Kamerat L og Valgerd Svarstad Haugland reiser til Tyskland for å finne Von Misos.
Quaestio von Misos møter problem: Valgerd Svarstad Haugland blir kidnappa, medan dei tre øvrige får i seg rohypnolhaldig kaffipulver.
Quaestio von Misos - Dance Macabre: Dei tre gjenverande deltakarane tek livet av 414 druider i ein dansehall, og får beskjed om å ta turen vidare til Hannover.

Og det er der vi byrjar på att. I Hannover, byen der Kamerat P-favoritten Didier Konan Ya for tida spelar sin fotball.

- Fint rådhus, sa Filologen og braut dermed stillheita som hadde råda det siste kvarteret.
- Brukbart, repliserte privatetterforskar Luhle likesælt. Forutan å vere ein meister i domino, var han også ein ivrig kritikar av prangande arkitektur.

Van Misos hadde skrive i brevet at dei skulle møte opp ved rådhuset i Hannover, i påvente av nye utfordringar. Men til no hadde dei ikkje fått auge på korkje misantropar eller eventuelle hint som kunne føre dei nærare Valgerd og/eller ei løysing på gåta. For kven er Friedrich von Misos? Dette spørsmålet låg og gnog i hjernebarken til dei tre resterande deltakarane, i alle fall når tankar om Joni Mitchell, 123spill og domino ikkje var til stades. Men det var ikkje reint sjeldan at det var nettopp dette deltakarane tenkte på, så i sum brydde dei seg ikkje stort om ekspedisjonen. Dei var jævlige, sånn sett. Det var eit faktum dei alle kunne vere samde i.

Men i og med at dei hadde reist heilt til Tyskland på ein motorisert del av Noreg, samt teke livet av 414 druider og vunne ein Audi, hadde det vore for gale om ikkje det opphavlege oppdraget skulle gjennomførast på profesjonellt vis. Og profesjonalitet og djervskap fekk dei bruk for no, idet neste utfordring brått kom skridande mot dei...

For i ei susande fart flaug no eit grønt farty gjennom lufta. Dei tre gjenverande deltakarane kunne så vidt augne den tidlegare parlamentariske leiaren til KrF i passasjersetet, men kven var det som styrte flygemaskina? Vel, det var i alle fall ein person ingen av dei hadde sett før. Ein person med auge så hatske som helvetet sjølv. Det kunne ikkje vere nokon annan enn Friedrich von Misos. Det måtte vere han. No flaug han mot rådhuset, antakeleg i håp om å ta livet av dei tre personane som stod utanfor. Maskingeværet som var fastmontert i fronten av den grøne maskina gav lite rom for motargument til den teorien.


Rådhuset i Hannover - Åstad for utrulege forviklingar.

Luhle, Kamerat L og Filologen trudde deira siste time var koma, men interessante aktivitetar fann stad inne i maskina. Kvinna i passasjersetet hadde angiveleg kriga til seg styreapparatet i fartyet, og det påfølgjande basketaket førte til at maskina no vingla fram og tilbake i lufta, totalt ute av kontroll. Eit siste forsøk frå von Misos på å få den tilbake på rett kjøl, var fånyttes. Og det grøne fartyet enda opp i sjøen utanfor rådhuset, før det resolutt sakk til botnen. Luhle, som forutan å vere dominohøvding, privatdetektiv og arkitekturkritikar også var tysk regionalmeister i kombinasjonen svømming, dykking og styrkelyft, tok av seg fedorahatten og hoppa i vatnet. Han var nede i trettiseks sekund før han kom opp til overflata igjen, denne gong med to personar på ryggen.

Kamerat L og Filologen fekk banka vatnet ut av dei to havarerte, og gjorde seg klare til å oppklare sanninga om Friedrich von Misos. Men akkurat idet dei hatske auga til von Misos byrja å falme i resignasjon, gjorde ein annan jævel sitt inntog. For kven var det ikkje som openberte seg utanfor rådhuset i Hannover? Jau, i ein liten raud Corvette svingte Bestefarkatten inn på rådhusplassen, treiv til seg von Misos med venstrelabben og kasta han inn i det ledige passasjersetet, før ho deretter rusa avgarde i ei ekstrem fart.

Gleda over å få tilbake Valgerd var stor. Ho var tilsynelatande uskadd etter kidnappinga og havariet, men naturleg nok sjokkert. Alltid sjokkert. Så sjokkert at korkje ho eller dei tre andre undra seg nevneverdig over kvifor kattar plutseleg har lov til å køyre bil i Tyskland.

--
Heime i Noreg sat Fivelstad og undra på kvar det var blitt av den grøne, ovale maskina som hadde teke han til Mongolia i januar 2009. På trass av dette var livet likefullt ein fest.

1 kommentarer:

Fivelstad sa...

Valet til Bestefarkatten om å nytte ein liten raud Corvette er neppe tilfeldig. "Little Red Corvette" er namnet på ein av artisten Prince sine aller ypparste låtar, og gransking tyder på at Bestefarkatten tenkte i desse baner då ho valde akkurat dette transportmiddelet.

Eg ringde nemleg heim til Ho Dama og bad ho sjekke buskene rundt huset sitt/vår gamle hybel. Ho ringde seinare tilbake, og fortalde at ho hadde funne eit eksemplar av det eineståande Prince-albumet "Sign o' the Times" frå 1987 i hagen sin. Platecoveret var heftig dekorert med katterasp, og dessutan tilsøla av kroppsvæske* frå eit kattedyr.

Prince er, til liks med Bestefarkatten, sint og sky, og dessutan er begge relativt stuttvaksne. Fyrstnemnde sin veldokumenterte eksentrisitet (ei periode gjekk han under eit artistnamn som berre var ein logo, og som dermed ikkje kunne uttalast) er sikkert også noko som appellerer til Bestefarkatten. Ho ser ut som ho er trugande til å setje pris på slike ting.

* Enda seinare gransking viste at kroppsvæska tilhøyrde ei hyene som budde nede ved den vidaregåande skulen i den uidentifiserte bygda på Sunnmøre. Uansett tyder alt på at det aktuelle eksemplaret av "Sign o' the Times" tilhøyrer Bestefarkatten, og at valet av transportmiddel i Hannover kan knyttast til ein brennande kjærleik til artisten Prince.