2. Misosbrev: Meir misantropi signert same person, men denne gong innhaldt brevet sterke personangrep mot bloggen. Eg vel å ta aksjon.
Quaestio von Misos - Mannskapet er klart: Filologen, Heiko Luhle, Kamerat L og Valgerd Svarstad Haugland reiser til Tyskland for å finne Von Misos.
Quaestio von Misos møter problem: Valgerd Svarstad Haugland blir kidnappa, medan dei tre øvrige får i seg rohypnolhaldig kaffipulver.
Quaestio von Misos - Dance Macabre: Dei tre gjenverande deltakarane tek livet av 414 druider i ein dansehall, og får beskjed om å ta turen vidare til Hannover.
Quaestio von Misos i Hannover: Valgerd kjem tilbake i rette hender, men Bestefarkatten kjem Von Misos til unnsetning idet sanninga skal fram.
Sjokket hadde lagt seg og eit fulltalig mannskap kunne igjen orientere seg mot ekspedisjonen sitt mål; å løyse gåta om Friedrich von Misos. "Where do we go now, but nowhere?". Filologen illustrerte det alle lurte på ved å nemne ei låt signert Nick Cave. "Eg veit ikkje", sa Kamerat L. "Eg veit", svarte Valgerd med eit smil. "Å, korleis skal vi vite kvar Bestefarkatten køyrer no?", spurde ein framleis fuktig Luhle. "Medan vi sat i den grøne, ovale maskina til Fivelstad klarte eg å feste ein sendar i jakkelomma til von Misos". "Ved hjelp av denne", ho viste fram ein mottakar, "kan vi klare å kartlegge kvar dei har køyrd vidare". Heldigvis hadde ikkje korkje sendar eller mottakar fått vasskader, og mannskapet kunne snart konstatere at Bestefarkatten sin Corvette var på veg sydover.
Dei fire heltane sette seg i audien og fulgte same reiseveg. I åtte samfulle timar sat Luhle bak rattet, og etter kvart kunne Valgerd melde om at dei berre låg ein halvtime bak. Det førekom tydeleg at Luhle var meir kjend på Autobahn enn det Bestefarkatten var. Ifølgje mottakaren til Valgerd hadde Bestefarkatten ein periode køyrt åtte gongar rundt Nürnberg sentrum, før bilen hadde kava seg ut på motorvegen igjen, vidare sydover. Mannskapet kunne ikkje anna enn å flire. "Det er tydeleg at Bestefarkatten ikkje er van med større omgivnader enn den uidentifiserte bygda på Sunnmøre", knegga Kamerat L.
Ein halvtime lenger framme, totalt uvitande om følgjet som krinsa bak dei, var det anspent stemning. "Kvifor i helvete køyrde du åtte gongar rundt Nürnberg sentrum utan grunn? Du har jo køyrd denne strekninga fleirfaldige gongar!". Bestefarkatten glodde olmt på von Misos. "Det bringer lukke, ditt fe", kveste ho. I dashboardet låg det fire halvetne harelabbar og ein firkløver frå Irland. Det var tydeleg at ho meinte alvor. Friedrich von Misos sukka resignert.
Sju timar seinare stoppa det ein Corvette utanfor ei kneipe i Syd-Tirol. "God kveld, frendar", ytra verten. "Skal det vere eit par øl på huset?". "Nei, men eit fat med mjøl hadde vore bra", svarte Bestefarkatten. "Hmm, meiner du ikkje eit fat med mjølk? "Nei", freste Bestefarkatten. "Eg meinar eit fat med mjøl". Den vetskremde verten gjorde som ho sa og vende så merksemda mot von Misos. "Enn du?". "Eg kan ta ein bayer". Og der sat dei to kompanjongane med høvesvis eit fat mjøl og ein bayer.
"Hjelp, vi er i Syd-Tirol" sa Kamerat L. Ved å transkribere situasjonen til noko så lettbeint som ein Chevy Chase-film, bidrog han til å lette på stemninga. Bestefarkatten og von Misos hadde tydelegvis stoppa for kvelden, og rett rundt neste sving fann dei ein raud Corvette parkert utanfor ei kneipe. Dei gjekk inn, men kunne berre observere gjenferda til Jörg Haider og Josef Fritzl. Desse to relativt ekstreme personane var midt i eit slag biljard. Josef Fritzl hadde altså framleis ikkje gjeve opp å finne nokon å utkonkurrere i dette spelet (Sjå Post Scriptum nedst i innlegget). Mannskapet forlet denne kneipa, og køyrde rundt neste sving til atter ei kneipe. Også utanfor denne stod det ein raud Corvette. Luhle parkerte audien og spaserte bort til vindauget. Der fekk han auge på ein vert, ein mann med bayer og eit tomt fat. Under bordet låg det ein katt og sang gamle tyske viser frå Weimar-republikken si stordomstid. Mannskapet hadde funne sitt mål.
Luhle beretta for dei andre kva han hadde sett. "Kva skal vi gjere no?", spurde Valgerd. "Eg har ein idé", knegga Kamerat L. Han tok fram ein plastbehaldar. "Kva inneheld den?", kviskra Filologen spent. "Lystgass", kvitterte den gamle målvakta. "Ingen ting er vel verre for ein misantrop enn nettopp lystgass?", spurde han retorisk.

Får Fritzl ein etterlengta biljardtriumf mot denne mannen?

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar