Noko har likevel skjedd. Det første som skjedde var eg fekk ein SMS. Den var sendt frå eit nummer som eg ikkje hadda lagra i telefonlista mi. Dette stod i meldinga:
@,∆Ppààààààààààà
Først tenkte eg at dette måtte vere verket til nokon som hadde lagt igjen mobiltelefonen i bukselomma utan tastelås.Vi har vel alle opplevd å telefonere/sende uforståelege SMS til obskure personar utan å meine det? Mobil utan tastelås fører gjerne til slik ufriviljug kommunikasjon. Når eg søkte opp nummeret for å finne ut kven avsendaren var, vart eg først overraska. Men kjensla av overrasking gjekk raskt over til bekymring. 1881 kunne fortelje meg at det var eit kraftselskap frå sørlandet som stod bak. Kva grunn kan desse ha til å sende meg denne meldinga? Eller for å omformulere spørsmålet: Kva grunn skal desse ha til å ha meg i kontaktlista si? For eg går utifrå at dette er til ei kontaktlisteoppføring, då det å, i tillegg til å sende SMS-en også taste inn nummeret mitt, krev meir enn berre flaks/uflaks. Frå å tru at dette er eit utslag av manglande tastelås og tilfeldigheiter, har eg no slått fast at SMS-en må vere sendt med vilje og viten. Men kvifor? Sørlendingar har ofte kronglete dialekter, men "@,∆Ppààààààààààà" kan vel ikkje vere eit lokalt, sørlandsk uttrykk? Nei, antakeleg er det ein kode. Eg har kome fram til følgjande, moglege tolking:
Alfakrøll + komma signaliserer eit sint ansikt blanda med tårer. Raseri og sorg går altså slag i slag. ∆ symboliserer ein pyramide, altså er det nærliggande å tru at dei siktar til noko som involverer Egypt. "Pp" kan referere til så mangt, deriblant "pee-pee", Papa (pave på latin) og det italienske uttrykket "pianissimo". Eg har vanskar med å tru at dei siktar til noko som involverer urin eller Vatikanstaten. Ber dei meg om å dempe meg, slik det italienske uttrykket kan indikere? Eller siktar dei til Walther PP, ein semi-automatisk pistol? Vil dei ha meg av dage? "ààààààààààà" kan i så måte referere til eit smertebrøl.
I sum blir tolkinga, i verste fall, slik: Vi er sinte og lei oss for noko du har gjort (som kanskje involverer pavekyrkja eller urin?), og vi vil at du skal reise til Egypt/dempe deg. Dersom du ikkje gjer dette, må vi skyte deg.
I frykt for at kraftselskapet skal spore meg opp, har eg beslutta å skifte publiseringsnamn til "Blastocyst". Dette er ei uttrykk eg hugsar igjen frå biologi. Wikipedia vil ha det til at "Blastocysten har ca. 100 celler, og består av trofoblast, en ytre kappe med én-celle tykt lag, og en indre cellemasse, der cellene klumper seg sammen i ene halvdelen av trofoblasten.". Denne omtalen passar rimeleg greitt også på underteikna, så då blir det Blastocyst som dekknamn framover.
Eit anna tiltak som kanskje kan blidgjere kraftselskapet, er å skifte ut hovudet til bloggen. Altså den delen som på engelsk blir kalla "header" (men det passar ikkje inn i det norske språket). På biletet syner det ei kraftline, så det er mogleg at det er dette som opprører dei. Eg veit ikkje heilt kva opphavsrett kraftselskap har på bilete av kraftliner, men mangel på slik kunnskap har kosta folk dyrt før. Eg tek ikkje sjansen. Hovudet vil bli bytta ut snart.

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar