Eg vart nettopp ferdig med å sjå Cabin Fever, Eli Roth sitt spedbarn frå ni år sidan. Det eg hadde rekna med skulle vere ein ganske ordinær skrekkfilm, viste seg å vere meir enn kva eg, og sikkert ein heil del andre, hadde rekna med. Filmen byrjar ganske typisk med ein gjeng ungdomar som skal ut på tur for å drikke og røyke det dei føler for, og Despoten sette seg opp i sofaen, klar for å fyre av kanonkuler av spott mot filmen sin tendens til å følgje oppskrifta. Kanskje 20 minutt inn i filmen byrja ting heldigvis å ta av mot det latterlege, og sidan eg er glad i veldig teite ting, (eg gjev Family Guy og interne vitsar som døme) vart dette ei oppleving eg vart nøydd å skrive om.
Dei to gutane frå Detroit Rock City hadde aleine gjort denne filmen til ein komedie med stort forbruk av våt jordbærgelé, men i tillegg får vi servert den absurde tankegangen til ein gjeng bondeknølar, og ikkje minst sonen til ein av dei. Pannekaker er kanskje eit mål som langt fleire av oss bør setje oss dagleg, men det bør finnast langt enklare måtar å skaffe seg pannekakemiks på enn å bite folk ein ikkje kjenner, i håp om at lemmane til vedkomande er av tilfredsstillande smak. Dersom ein deler mi meining i spørsmålet «kan alt skje?», anerkjenner ein også at kven som helst rundt ein kan plutseleg kollapse i ein haug pannekaker. Det er for meg tydeleg at matkjennaren Dennis har kunnskap tilsvarande minst to år med fysikk, og han veit nok også ein del om usikkerheitsrelasjonen. Det er forresten første gong eg har sett noko slikt i ein liten unge, og utifrå omgivnadane deduserer eg at han har kome fram til denne kunnskapen på eiga hand. Dennis har klart noko det tok milliardar av sjeler å oppnå over mange tusen år. Gratulerer, menneskeheita vart utklassa av eit tiårig gutebarn som er sjukleg oppteken av pannekaker.
Du trudde kanskje at Dennis var eit isolert tilfelle i denne filmen, ein augeblink der regissør, produsent og omtrent alle andre som arbeidde på settet fekk samtidig hjerneslag og let dette barnet slå seg fullstendig laus i rolla si. I så fall tok du feil. På andre tidspunkt i filmen finn vi slåstkampar utspelt utelukkande med musikkinstrument og kroppsvæsker, eit individ med eit munnspel på tvers i pusterøret, ei nær-døden-oppleving signert ein febrilsk unghjort og ein hysterisk slutt på filmen.
Hovudsaka i dette innlegget skulle vere mi undring over filmen si blanding av komedie og noko anna, ikkje ulikt tankane eg hadde om filmen Hot Fuzz. Det var ikkje før seinare at eg innsåg kva Roth eigentleg ville med filmen. Cabin Fever er ei unnskyldning til å skildre det skarpaste og mest resonnerande vesenet på denne sida av pistolstjerna. Stephen Hawking bør gå og leggje seg. Sjølv dr. Gregory House burde ha revurdert sin arroganse, var det ikkje for det enkle faktum at Dennis ikkje er ein verkeleg person.
Rumor has it he was a siamese twin that got both brains.
laurdag 22. januar 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar