tysdag 18. januar 2011

Quaestio von Misos - Enden er nær

1. Misosbrev: Eit brev blir funne i postkassa vår. Det inneheld generell misantropi, angiveleg ført i pennen av ein karakter ved namn Friedrich von Misos.
2. Misosbrev: Meir misantropi signert same person, men denne gong innhaldt brevet sterke personangrep mot bloggen. Eg vel å ta aksjon.
Quaestio von Misos - Mannskapet er klart: Filologen, Heiko Luhle, Kamerat L og Valgerd Svarstad Haugland reiser til Tyskland for å finne Von Misos.
Quaestio von Misos møter problem: Valgerd Svarstad Haugland blir kidnappa, medan dei tre øvrige får i seg rohypnolhaldig kaffipulver.
Quaestio von Misos - Dance Macabre: Dei tre gjenverande deltakarane tek livet av 414 druider i ein dansehall, og får beskjed om å ta turen vidare til Hannover.
Quaestio von Misos i Hannover: Valgerd kjem tilbake i rette hender, men Bestefarkatten kjem Von Misos til unnsetning idet sanninga skal fram.
Quaestio von Misos - "Hjelp, vi er i Syd-Tirol": Mannskapet reiser til Syd-Tirol for å finne Bestefarkatten og Friedrich von Misos. Dei to sistnemnde blir observert på ei kneipe.

"Lystgass?", brumma Luhle forundra. "Kan det funke?" "Har vi i det heile tatt med oss lystgass?", innvendte Valgerd. Kamerat L hadde positivt svar på dette, i og med at det var ei av dei mange frynsegodene han hadde fått for å innlosjere druiden dei hadde møtt i Berlin. "Vi har nok til å fylle heile lokalet", sa han og retta blikket inn i rommet der von Misos, Bestefarkatten og kneipeverten befann seg. Som sagt så gjort. Dei fire kompanjogane kraup gjennom viftekanalen til dei låg vassrett over vifteluka som førte ned til hovudrommet i lokalet. Så lirka dei lydlaust opp denne før dei lydlaust byrja å sile ut lystgass. Sjølv hadde dei fått på seg gassmasker som var overflødige, no som den siste svineinfluensaen hadde fisla ut til fint lite. Etter kvart kunne dei observere at von Misos og kneipeverten byrja å trekkje på smilebanda. Så fulgte eit par knis, nokre hikst og til slutt også eit par reale latterbrøl. Bestefarkatten, som framleis låg under bordet, hadde dei ikkje oversikt over. Dette førte til ei fatal feilvurdering frå kompaniet, som no ein etter ein hoppa ned i lokalet..

Dei fekk knebla dei to lattermilde herrane til kvar sin barkrakk, og desse var no fullstendig ufarleggjorte. Men kven var det mannskapet hadde gløymt? Jau, katten som låg under bordet og som for lengst hadde ant ugler i mosen då ho høyrte at endorfinane hadde teke overhand over dei to andre i lokalet. Sporenstreks hadde ho ringt etter forsterkingar, og dei storma no inn i lokalet med kvar si biljardkø i hende. Josef Fritzl og Jörg Haider hadde storma rundt svingen frå si kneipe, og var klare til å bistå si kattevenninne. I og med at begge var gjenferd, var dei naturleg nok vanskelege å overmanne. Og ved hjelp av sine biljardkøer fekk dei slått ned både Filologen og Heiko Luhle. Valgerd og Kamerat L kjempa lenge mot overmakta, før sistnemnde snubla i eit balansebrett og slo seg sjølv ut av denne verda for ei stund. Då svikta motet til Valgerd og ho svimte av i pur skrekk. Bestefarkatten, framleis under bordet, kveste og godta seg i ein pøl av sur mjølk. Weimarvisene hadde nok ein gong byrja å trille ut av den forjævlige kattekjeften. Korleis skulle dette gå?

Heldigvis - og dette var berre eit utslag av absurd flaks - fann eit eksternt lærarmøte stad i ein gymsal like ved. Dei gamle lærarane frå den vidaregåande skulen i den uidentiferte bygda på Sunnmøre var på studietur her. All kvesinga og biljardvalden hadde resultert i ein ekstrem kakofoni som førte til at dei no valde å innta kneipa, dei også. Ein Harley Davidson køyrte gjennom kneipeveggen, og opp på denne sat Haraldo Iggy, Bussi El Ze og Triple Life. Med all sin akademiske gunst fekk dei, til trass for at motstandarane var gjenferd, slått lufta ut av Fritzl og Haider. Så var det Bestefarkatten, og også henne klarte dei eventyrleg nok å fange. Men etter å ha prøvd med gift, saks, eit arsenal av skytevåpen og øvrig tortur var framleis katten i fin form. Den sure mjølka og Weimarvisene verka som ei motgift som gjorde alle drapsforsøk fånyttes. Dei var i ferd med å gi opp, då Despoten og Store T også entra kneipa. Store T var på ny returnert til den uidentifiserte bygda som VGS-lærar, medan Despoten også var der i regi av VGS. Han grunna etikkoppgåva som han hadde vore oppteken med sidan skuleåret 2008/09. Og det var dei to sist ankomne som til slutt fekk sett Bestefarkatten permanent* ut av spel. Gjennom å fortelje anekdoter frå den nord-norske landsbygda, og ikkje minst gjennom å spele Hammerfall på munnspel, framprovoserte dei ein prosess der Bestefarkatten smått om senn, pø om pø, byrja å oppløysast som organisme. Og til slutt, med eit fanatisk smertebrøl som klimaks, vart Bestefarkatten utsletta frå den austerriske landjorda.

Jubelbrøla kunne atter runge i den syd-tirolske kneipa. Das Leben konnte mit einer Partei verglichen werden. Ja, livet var ein fest.


Åstad for stor dramatikk!

* Tru likevel ikkje at dette er det siste vi har sett av Bestefarkatten! "Permanent" er ikkje permanent når det er snakk om Bestefarkatten! Skrekk!

0 kommentarer: