1. Misosbrev: Eit brev blir funne i postkassa vår. Det inneheld generell misantropi, angiveleg ført i pennen av ein karakter ved namn Friedrich von Misos.
2. Misosbrev: Meir misantropi signert same person, men denne gong innhaldt brevet sterke personangrep mot bloggen. Eg vel å ta aksjon.
Quaestio von Misos - Mannskapet er klart: Filologen, Heiko Luhle, Kamerat L og Valgerd Svarstad Haugland reiser til Tyskland for å finne Von Misos.
Quaestio von Misos møter problem: Valgerd Svarstad Haugland blir kidnappa, medan dei tre øvrige får i seg rohypnolhaldig kaffipulver.
Quaestio von Misos - Dance Macabre: Dei tre gjenverande deltakarane tek livet av 414 druider i ein dansehall, og får beskjed om å ta turen vidare til Hannover.
Quaestio von Misos i Hannover: Valgerd kjem tilbake i rette hender, men Bestefarkatten kjem Von Misos til unnsetning idet sanninga skal fram.
Quaestio von Misos - "Hjelp, vi er i Syd-Tirol": Mannskapet reiser til Syd-Tirol for å finne Bestefarkatten og Friedrich von Misos. Dei to sistnemnde blir observert på ei kneipe.
Quaestio von Misos - Enden er nær: Mannskapet får uventa hjelp av gamle kjende, og sagaen når sin ende.
Så endte alt godt. Mannskapet reiste tilbake til Berlin, med Friedrich von Misos, framleis knebla, i bagasjerommet på audien. Så tok dei seg nokre fridagar, før dei returnerte tilbake til den uidentifiserte bygda på Sunnmøre på MS Spitsbergen. Vel heime der fekk dei overlevert von Misos til Hybelen, der Ho Dama fekk ansvar for å utsondre og utslette alle spor av misantropi i den tyske, mørbanka kroppen. Etter ein lang prosess med beinhard eksorsisme var von Misos kurert, og han gjekk seinare over i ei stilling som tysklærar på den lokale vidaregåande skulen. Druiden, som hadde flytta inn der Kamerat L budde før, hadde også fått ei stilling på den same skulen. Som dataansvarlig, sjølvsagt. MS Spitsbergen vart levert tilbake til Kongeriket Noreg, og alt var bortimot normalt.
Men tre månader etter dette kunne ein atter høyre kvesing i buskene rundt Hybelen. Bestefarkatten var tilbake. Rett nok mørbanka etter alle påkjenningane i Syd-Tirol, men i live. Det ville likevel ta lang tid før ho kunne konspirere og gjere livet vanskeleg for innbyggjarane i den uidentifiserte bygda på Sunnmøre igjen.
På trass av den grøne, ovale maskina framleis låg igjen utanfor rådhuset i Hannover var livet ein fordømt bra fest igjen.
onsdag 19. januar 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar