laurdag 17. september 2011

Jernhanda

Despoten møtte Jernhanda for fyrste gong på vidaregåande skule. Førsteinntrykket var ikkje spesielt, men sjølv om han var ein ganske liten del av mitt liv, ante eg at noko ikkje var som normalt. Etter å ha tenkt godt og lenge på hans kortliva bedrifter, gjev eg de no min dekonstruksjon av Jernhanda sitt merkbare inntrykk på vår utdanningsinstitusjon.

Mitt første innspel hadde eg aldri gleda av å oppleve personleg, men rykte har det til at Jernhanda sitt språkøyre var langt bortanom det til nokon andre vi kjende til på det tidspunktet, kanskje til og med halvgudinna Filologen. Dersom ordet på gata stemmer, og eg ser ingen grunn til at det ikkje skulle gjere det, har Jernhanda vilt sitert finske nasjonalepos på originalspråket, ramsa opp linjer frå Krigens Kunst på gammalkinesisk og mumla bibelske tekstar for seg sjølv på hebraisk. Kvar fekk Jernhanda sin framandspråklege kunnskap frå?

Den andre kuriositeten eg kjem på er Jernhanda sine tekniske evner. På skulen vår var Gry den som reparerte ting som ikkje fungerte skikkeleg, (antitesen til Triple Life, som kunne forkludre elektronisk utstyr ved berre å opphalde seg i nærleiken) men Jernhanda hadde åtgang til svært avanserte reiskapar og visste tydelegvis godt korleis dei skulle brukast. Dette veit eg fordi han ein gong forklarte meg korleis ein byggjer ei fungerande girkasse av kryssfinér og deretter gjorde nettopp det på litt under ei matpause. Dette fekk han til ved hjelp av eit futuristisk dataprogram eg gjerne skulle hatt sjølv, dersom namnet ikkje unngjekk meg.

Det tredje mystiske momentet ved Jernhanda sitt korte opphald var måten det enda på. Eg hugsar framleis godt korleis det skjedde. Under ein digresjon i regi av Triple Life viste klokka utan forvarsel omkring åtte minutt meir enn for ein augeblink sidan. Digresjonen hald fram uavbroten og ingen såg ut til å ha merka noko, utanom eg som speida rundt i klasserommet etter Jernhanda som nettopp hadde forsvunne sporlaust. Eg vart gripen av panikk og mellombels paranoia. Hadde Jernhanda nettopp fordampa saman med åtte minutt av elevane og læraren si tid? Var Despoten endeleg blitt sinnssjuk? Ville eg psykotisk stikke ut augene mine med passar og sendast på psykiatrisk institusjon i tvangstrøye?

I ettertid har eg kome fram til den einaste logiske konklusjonen: Jernhanda var ein dimensjonsvrengar. Dette inneber tidsreise, forsvinning og tilsynekomst og kanskje også teleportering, avhengig av korleis våre tre romlege dimensjonar er orienterte i dimensjonane Jernhanda hadde tilgang til (sjå innlegg Innlegg frå ein annan dimensjon). Språkkunnskapane og interessa for internasjonale litterære verk kjem av den akselererte læringsprosessen ein bruker der han kjem frå. Dataprogrammet og kryssfinérteknikken kan vere noko han utvikla sjølv eller lærte heime, og forsvinninga midt i ein historietime passar med evna til å vrenge dimensjonar. Ingen merka noko fordi Jernhanda under heile sitt opphald låg under radaren til dei som hadde anna å gjere på enn å fundere på kor den mest interessante personen i landet nettopp vart av. Dei åtte minutta han stal frå oss kjem av at han flytta alle i klasserommet eit stykke fram i tid. Kvifor Jernhanda gjorde dette, er eg ikkje sikker på. Kanskje det var hans versjon av eit visittkort. «Du var nettopp lurt av Jernhanda» tenkte han kanskje at det kunne stå.

Eg har ein hypotese på kvifor Jernhanda besøkte oss, men eg er usikker på kor vitskapleg korrekt denne er, i motsetnad til resten av innlegget. Her er han uansett:

Jernhanda kjem frå eit multivers ikkje så veldig ulikt vårt, men mykje meir framgangsrikt. Han har bygd eller fått utlevert utstyr som let han hoppe til andre multivers via ein fjerde romleg dimensjon. I desse multiversa har ein eller fleire ting vorte endra på eitt eller anna tidspunkt i menneskehistoria, og jobben til Jernhanda er å kartleggje ringverknadane av desse endringane. Han dukka opp på skulen vår for å sjekke tilstanden i verda, før han skjønte at skulen vår var feil stad for slik etterretning. Programmet han brukte til å byggje girkassa var produktet av alt som kan vere riktig med verda.

Sluttresultatet er at Jernhanda, som er frå ei verd fleirfaldige gongar betre enn vår eiga, sannsynlegvis er det mest opplyste mennesket som nokon gong har gått på denne jord. Å Jernhand, Jernhand, vi kjende deg knapt.

I love you, Honeybun, or whatever your name was.

1 kommentarer:

Blastocyst sa...

Har opplysingar som tilseier at Jernhanda framleis er i live. Du burde forresten opprette ein profil - 'Jernhanda' - i lista over personar på bloggen.

Mitt beste minne med Jernhanda var då han byrja å blø naseblod i ein engelsktime. Reaksjonane frå Triple Life var eit skuldertrekk og null vidare sympati.

Eit anna minne var då Jernhanda i ein samfunnsgeografi fekk eit dilemma presentert av Haraldo Iggy: Han måtte velje mellom å skrive om Hokksund eller Halden, i vår føljetong som omhandla halvstore norske byar. Jernhanda valde likevel, stilt opp mot veggen av Halden og Hokksund, å skrive om Hønefoss. Dette medførte kritikk frå Haraldo Iggy, men samstundes fortalde det noko om ein mann med evne til å tenkje utanfor boksen. Mitt og Kamerat P sitt val om å skrive om Skien møtte utelukkande velvilje, så det kan vere snakk om eit tilfelle av forskjellsbehandling her.

Eit tredje minne var då Jernhanda tysta på nokre jenter som hadde sluntra unna nokre tyskundervisning på det enkelte vil kalle svakt grunnlag. Bussi El Ze nølte ikkje med å sanksjonere mot jentene, og Jernhanda vart aldri ein Don Juan i den uidentifiserte bygda på Sunnmøre.

På Hønefoss er han derimot sikkert eit førebilete for dei fleste.